Handtering av profilar
Firefox lagrar den personlege informasjonen din, slik som bokmerke, passord og brukarinnstillingar i eit sett av profilar kalla dine Profilar, som igjen er lagra på ein annan stad enn programfilene til Firefox. Du kan opprette fleire profilar som kvar inneheld eit separat sett av brukarinformasjon. Berre ein profil er aktiv i gongen. I Firefox Proifilehandsamar kan du opprette, fjerne og gje nytt namn til profilar.
- Å bruke fleire profilar og profilhandtering er avanserte funksjonar, først og fremst for utviklarar av utvidingar. Om du ikkje er ein avansert brukar eller du ønskjer å finne ut av eit bestemt problem, bør du ungå bruk av fleire profilar
Emneliste
- Starte profilhandsamar
- Windows Vista
- Windows 98, ME, 2000, og XP
- Ubuntu
- Opprette ein profil
- Fjerne ein profil
- Endre namn på profil
- Innstillingar
- Arbeide fråkopla
- Ikkje spør ved oppstart
- Flytte ein profil
Starte profilhandsamar
Windows Vista
- Avslutt Firefox. For å lukke Firefox, på toppen av Firefox-vindauget, gå til Fil-menyen og vel så Avslutt.
- Opne Windows Start-meny. I Start søk-boksen nede til venstre, skriv
firefox.exe -ProfileManager
og trykk Enter.
Windows 98, ME, 2000, og XP
- Avslutt Firefox. For å lukke Firefox, på toppen av Firefox-vindauget, gå til Fil-menyen og vel så Avslutt.
- Vel START-menyen i Windows oppgåvelinje. Vel så Køyr.
- I Køyr-dialogen, skriv inn følgjande:

firefox.exe -ProfileManager
- Klikk .
- Avslutt Firefox. For å lukke Firefox, vel i menylinja Firefox meny, og vel Avslutt Firefox.
- Naviger til /Applications/Utilities. Opne Terminal application.
- I Terminal application, skriv inn følgjande:
/Applications/Firefox.app/Contents/MacOS/firefox-bin -ProfileManager
Ubuntu
- Avslutt Firefox. For å lukke Firefox, på toppen av Firefox-vindauget, og vel Fil-menyen, og vel så Quit.
- Opne Applications-menyen, vel Accessories, og vel så Terminal. Eit terminal-vindauge vil då kome fram.
- Skriv i terminalvindauget

firefox -ProfileManager
og trykk Enter.
Opprette ein profil
- For å starte Opprette profil-vegvisaren, klikk i profilhandsamaren.
- Klikk og skriv inn namnet på profilen. Bruk ei profilnamn som er skildrande, som f.eks. namnet ditt. Dette namnet vert ikkje vist på Internett.
- Du kan også velje kvar du vil lagre profilen. Dette er nyttig om du vil eksportere data og innstillingar til ei anna datamaskin eller oppsett seinare. For å velgje lagringsstad på systemet ditt, klikk, .
- Merknad: Om du sjølv veljer stad for lagring, vel då ei ny eller tom mappe. Når du veljer å fjerne profilen, vil alt innhald lagra i same mappe bli fjerna.
-
- For å opprette den nye profilen, klikk .
- Den nye profilen vil bli vist i profilhandsamaren.
Fjerne ein profil
- I profilehandsamaren, vel profilen du vil fjerne, og klikk .
- Stadfest at du ønskjer å slette denne profilen:
- fjernar profilen frå profilhandsamaren men beheld profildatafilene på datamaskina di i lagringsmappa, slik at informasjonen din ennå er der.
- Når du opprettar ein ny profil, kan du kopiere alle filene i den gamle profilmappa til den nye profilmappa og profilinformasjonen din blir gjenoppretta i den nye profilen.
- fjernar profilen og tilhøyrande filer, inkludert bokmerke, innstillingar, passord etc.. Caution: Om du brukar "Slett filer"-innstillinga, vil profilmappa og filer bli sletta. Dette kan ikkje gjerast om.
- vil bryte av sletting av profilen.
- fjernar profilen frå profilhandsamaren men beheld profildatafilene på datamaskina di i lagringsmappa, slik at informasjonen din ennå er der.
- Om du veljer å slette profilen, vil han bli fjerna frå profilhandsamaren.
Endre namn på profil
- I profilhandsamaren, vel profilen du vil endre namn på, og klikk .
- Skriv inn det nye profilnamnet, og klikk .
- Merknad: Mappa med filene for profilen får ikkje nytt namn.
- Merknad: Mappa med filene for profilen får ikkje nytt namn.
- Profilen har endra namn i profilhandsamaren.
Innstillingar
Arbeide fråkopla
Veljer du denne innstillinga vil valt profil lastast og starte Firefox utan å kople til Internett. Du kan sjå tidlegare viste nettsider og eksperimentere med profilen din.
Ikkje spør ved oppstart
Om du har fleire profilar, vil Firefox spørje deg om kva profil du vil bruke kvar gong du startar Firefox. Vel denne innstillinga for å la Firefox laste inn valde profil utan å spørje ved oppstart.
- For å få tilgang til andre profilar etter å ha valt denne innstillinga må du først starte profilhandsamaren.
Flytte ein profil
For å kopiere Firefox-bokmerka og innstillingane dine til ein annan Firefox-installasjon (f.eks. når du får ny datamaskin), må du ta sikkerheitskopi av Firefox-profilen din og så gjenopprette han på nytt på den nye staden.
- For rettleiing, sjå Sikkerhetskopier informasjonen din.
Løste dette et problem du hadde med Firefox?
Var denne artikkelen enkel å forstå?
Trenger du fortsatt hjelp? Still et brukerstøtte-spørsmål.
Help us improve this article. Submit additional feedback.
